@base . @prefix rdf: . @prefix rdfs: . @prefix xsd: . @prefix foaf: . @prefix dc: . @prefix mu: . @prefix fark: . dc:title "Kartografen Ivar Refsdal"@no; mu:description "Ivar Refsdal (1866-1939) frå Vik i Sogn var ein kjend kartograf, - "en kartograf av Guds nåde", kalla professor Edvard Bull han. Atlasa til Refsdal var einerådande i skulen til midt på 1960-talet."@no; mu:source "https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/4a2f3e28-ea61-4c04-bcf0-4a2db508aca7/"@no; mu:term_raw_text """
Bakgrunn

Ivar Refsdal var fødd i Vik i 1866, han var son til lærar, emissær, ordførar og stortingsmann Anfin Refsdal (1839-1920) og fyrste kona hans, Anna Bentsdtr. Risløv (1839-1869). Mor til Ivar døydde då han var berre tre år gamal. Faren gifte seg oppatt i 1872 med Eli Torsdotter Vangsnes (1837-1891).

Ivar Refsdal gjekk ut frå Hamar lærarskule i 1885. Han var lærar i Herand i Jondal 1886-89, Arnafjorden 1889-92, Arendal 1892-1901 og ved Foss skole i Kristiania 1901-1926. Då Ivar gjekk av i 1926, var han berre 60 år. Han ville då bruka all tid på si store interesse, kartteikning.

Kartteikning

Ivar Refsdal hadde i ungdommen tenkt på å verta kunstmålar, og i kartteikninga fekk han utløp for sin kunstneriske sans. I 1898 hadde han gitt ut sitt fyrste atlas, "Atlas for skole og hjem". Skuleatlaset hans vart så å seia einerådande i Noreg, likeeins skuleveggkarta hans.

Det låg enormt med arbeid bak eit atlas på den tid. I 1936 hadde skuleatlaset hans komme ut i 11 utgåver. Kvar einaste strek teikna han. Han gjorde alt sjølv, frå komposisjon og fargesetjing til namngjeving. Heile tida måtte han halda seg ajour om nye geografiske resultat, nye namn og stadige forandringar i skrivemåten. Refsdal var svært nøyaktig og teknisk dyktig.

Diktar og teiknar

Ivar Refsdal synte alt i ung alder dugleik i teikning og dikting. Både teikningane og dikta syner ein bråmoden ung gut. Det finst mange teikningar av Refsdal med motiv frå Vik og Arendal. Etter at han flytta til Oslo var det atlasa som tok all hans tid.

Dikta han skreiv er og for det meste frå barne- og ungdomsåra. Refsdal byrja tidleg å senda inn småstykke og dikt til aviser og blad. Han fekk trykt det han skreiv i blad som Norsk Barneblad og Nora.

Stridsmann

Den tid Refsdal var i Vik, var han og ein ivrig avisdebattant. Han førte ein kvass penn, og fekk påtale av faren for nokre av innlegga. Faren skreiv i eit brev til Ivar: "Jeg har netop tilfældig truffet paa det stykke i "Posten" om Provst Ingier. Du formaar ikke at sætte dig ind i hvor inderlig ondt dette har gjort mig. Om jeg ikke kan eller vil forsvare Ingier, er dog dette ukristelig Optræden mod ham"

Ivar Refsdal kom og bort i den harde målstriden som var i Vik frå 1890 og framover mot 1920. Ivar let elevane fortelja leksene på dialekt, og dette var det mange foreldre som vart harme på. Striden heldt fram lenge etter at Refsdal var flytta frå bygda.

Familie

Ivar Refsdal gifte seg i 1896 med Kristine Marie Rasmussen, som han trefte då han var lærar i Arendal. Dei fekk borna Anfinn f. 1897, Margrete 1899, Ragna 1902 og Einar 1907.

Bror til Ivar, Olav, emigrerte til USA i 1889, der han utdanna seg til prest. Han var ein ihuga fråhaldsmann og la ned stort arbeid for den saka. Elles har han gjeve ut dikt, salmar og forteljingar, lesebøker for skulen og redigert fleire blad.

Halvbror til Ivar, Ivar Andreas, var utdanna lektor, var i 11 år redaktør for "Den høiere skole" og skreiv mange artiklar om norsk litteratur og anna i tidsskrift og aviser.
"""@no; a foaf:Document; fark:describes fark:Person; fark:hasAuthor "https://resource.fylkesarkivet.no/person/02767fc2-123a-4105-9038-d9606bec379c#"; fark:hasPhoto [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7638/sfff-100057108226.jpg" ; fark:hasWeight 1 ; fark:hasText "Ivar Refsdal (1866-1939), lærar, kartograf, diktar og teiknar. Fyrste atlaset gav Ivar ut i 1898. Ivar var lærar fleire stader før han kom til Foss skole i Oslo i 1901, der vart han til 1926."@no ; fark:hasOwnerWithName "Vik Lokalhistoriske Arkiv." ; fark:hasPhotographerWithName "Laura Helgesen, Arendal." ; fark:hasDateAsText "1890-1900." ; fark:hasHeight "4626" ; fark:hasWidth "2991"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7639/sfff-100057108227.jpg" ; fark:hasWeight 2 ; fark:hasText "Slik såg framsida på atlasa til Ivar Refsdal ut. Dei som gjekk på skule før 1965 vil nok kjenna att dette framsidebiletet. Atlasa til Refsdal kom i svært mange utgåver. Fyrstundes gjorde han alt for hand, fargela, skreiv namna osb."@no ; fark:hasOwnerWithName "Vik Lokalhistoriske Arkiv." ; fark:hasPhotographerWithName "??." ; fark:hasDateAsText "????" ; fark:hasHeight "4743" ; fark:hasWidth "2930"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7640/1417046003.jpg" ; fark:hasWeight 3 ; fark:hasText "Teikning av Ivar Refsdal frå 1915 som syner lærarbustaden i Gildhus i Vik, barndomsheimen til Refsdal. Svært mange av teikningane hans er av hus, noko som viser godt kor nøyaktig han var og hans sans for detaljar. Dei fleste teikningane har motiv frå Vik og Arendal. Etterkvart tok kartteikninga all tida til Refsdal."@no ; fark:hasOwnerWithName "Fylkesarkivet. SFFf-94072.0015." ; fark:hasPhotographerWithName "Ragnar H. Albertsen. " ; fark:hasDateAsText "1915." ; fark:hasHeight "249" ; fark:hasWidth "425"].