@base . @prefix rdf: . @prefix rdfs: . @prefix xsd: . @prefix foaf: . @prefix dc: . @prefix mu: . @prefix fark: . dc:title "Lars Norevik - arkitekt og bygdeutviklar"@no; mu:description "Lars Norevik (1892-1949) var bygdeutviklar i Ortnevik. Han gjekk i gang med båtbyggjeri, han bygde elektrisitetsverk, han heldt yrkesskule, og han teikna og bygde Ortnevik kyrkje. "@no; mu:source "https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/51f22234-c1df-4dee-97e7-46f8170bc555/"@no; mu:term_raw_text """
Artikkel av Anders Øvrebø

Det er lite skrive om Lars Norevik. Anders Øvrebø i Ortnevik skreiv i 1998 ein artikkel om Norevik i sogebladet Pridlao. Artikkelen her er den same, berre litt redigert og med mellomtitlar.

Lars Norevik 1892-1949 - ein kyrkjekunstnar

Lars Norevik vart fødd på Norevikane, Vikum, i 1892. Han var son til Hans L. Norevik (1852-1948) og Kari Andersdotter Norevik. Kari var dotter til Anders Andersen Ortnevik og 2. kona hans, Synneve Torvund. Dei budde på husmannsplassen Botten under Norevik.

Lars vaks opp i Norevik [Høyanger kommune] og på Hustavenes [Vik kommune]. I dei dagar var Norevikane senter for motoriserte frakteskuter, og det er truleg at Lars starta sin karriere som mannskap på anten "Alken", "Orion" eller "Nataniel", eller andre liknande skuter. Mannen vart i alle høve motorkunnig, og det er truleg at han hadde framhaldsskulen også. Han kom inn på arkitektskule i Kristiania og tok eksamen der ikring 1915.

Busette seg i Ortnevik

Lars vart gift i 1917, og budde fyrst på Hustavenes og seinare på Sylvarnes [Vik kommune]. I 1922 kom han til Ortnevik. Han inngjekk kompaniskap med Emil Geithus [i Ortnevik]. Dei bygde fyrst Ortnevik Elektrisitetsverk, som leverte straum til Ortnevik-samfunnet frå våren 1923. Var såleis mellom dei fyrste i Sogn som leverte elektrisk kraft. Bygde så trevarefabrikk, sagbruk og lokale for snikkarskule. I 1925 kjøpte Norevik eit jordstykke - Lerketun, og bygde hus. Han vart buande der resten av livet sitt.

Teikna og bygde Ortnevik kyrkje

I 1923-24 teikna han Ortnevik kyrkje. Bygginga tok til i 1924, og ho stod ferdig til oktober 1925. Norevik vart kjend for kyrkjebygget, mellom anna for utsøkt treskjerarkunst. Men dette store oppdraget vart delt mellom Lars Norevik og Emil Geithus. Sistnemnde var óg treskjerar av rang. Ortnevik kyrkje er i dag velkjend som turistattraksjon i særklasse.

Med på å restaurera Vange kyrkje

I 1926 skulle kyrkja på Aurlandsvangen restaurerast. Mellom 80 og 90 000 kroner stod disponibelt, noko som var ein særs respektabel pengesum i dei tider. Lars Norevik fekk arbeidet med sjølve bygget, og det var spesielt oppdraget med eit forfalle tak som var det mest krevjande arbeidet. Men under kunnig leiing vart alt ordna til god standard. Kyrkja, som har historisk sus over seg, vart reist sist i kong Sverre si regjeringstid [1177-1202], og profesjonelle folk fiksa oppatt eldgammal kunst. Hausten 1926 stod atter Vangen kyrkje i utsøkt stand, god og vakker, og slik den står i dag. God leiing vart krona med hell.

Ingen "fagerdom" i Åkrehamn

Ikring 1930 ville Åkrehamn i Rogaland reise kyrkje for grenda og lyste ut til teiknekonkurranse. Lars Norevik vann konkurransen, og dette var ein kopi av Ortnevik kyrkje, men bygget vart aldri reist. Grunnen var enkel. Bygget ville vorte for vakkert. Grendafolket påstod at eit gudshus ikkje burde sorterast under noko slags fagerdom. [..].

Restaureringsoppdrag - Bø og Brekke

Ikring 1933 fekk Lars Norevik oppdraget med å restaurera Bø kyrkje i Leirvik [Hyllestad]. Arbeidet vart utført så godt at Brekke sokneråd [no Gulen] også ville restaurera si kyrkje under Lars Norevik si faglege hand. Dette vart utført i 1935.

Snikkarskule i Ortnevika

Ikring 1936 bygde Norevik eit større tilbygg til gamleverkstaden og sagbruket. På loftet til gamlebygget hadde der vorte snikkarskule nokre vintrar. Nybygget fekk no ein mykje større sal, og fekk namnet Ortnevik Snikkar- og Teikneskule. Denne skulen eksisterte nokre år fram mot 1939.

Teikna bustadhus

Lars Norevik teikna og ei rekkje hus både i Høyanger, Ortnevik og andre stader. Han døydde i 1949. På veggen til inngangen til kyrkja i Ortnevik heng eit fotografi av arkitekten. Og den utsøkte kyrkja står som eit monument over Lars Norevik sitt minne.
"""@no; a foaf:Document; fark:describes fark:Person; fark:hasAuthor "https://resource.fylkesarkivet.no/person/2f1002d3-753b-421a-ac0e-56a0ebbbc4f3#"; fark:hasPhoto [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6893/sfff-100057167827.jpg" ; fark:hasWeight 1 ; fark:hasText """Ortnevik med kyrkja og skulen i framgrunnen og ferjekaia ute, til venstre. Lars Norevik teikna fleire våningshus i bygda. """@no ; fark:hasOwnerWithName "Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane." ; fark:hasPhotographerWithName "Hermund Kleppa." ; fark:hasDateAsText "2006." ; fark:hasHeight "1200" ; fark:hasWidth "1600"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6894/sfff-100057167828.jpg" ; fark:hasWeight 2 ; fark:hasText """Lars Norevik (1892-1949) """@no ; fark:hasOwnerWithName "I Pridlao." ; fark:hasPhotographerWithName "Ukjend." ; fark:hasDateAsText "Ukjend." ; fark:hasHeight "2561" ; fark:hasWidth "1890"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6895/sfff-100057167829.jpg" ; fark:hasWeight 3 ; fark:hasText """Dette var alt som stod om Lars Norevik i Sogn Folkeblad, Høyanger - då han døydde 8. oktober 1949. """@no ; fark:hasOwnerWithName "Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane." ; fark:hasHeight "2918" ; fark:hasWidth "1742"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6896/sfff-100057167830.jpg" ; fark:hasWeight 4 ; fark:hasText """Detalj frå originalteikningane til Ortnevik kyrkje: \"Tverrsida mot vest\". """@no ; fark:hasOwnerWithName "Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane." ; fark:hasHeight "3884" ; fark:hasWidth "3732"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6897/sfff-100057167831.jpg" ; fark:hasWeight 5 ; fark:hasText """Den gamle verkstaden bygd 1924 og den nye verkstaden frå 1936, der Emil Geithus og Lars Norevik dreiv snikkarverkstad. Ortnevik båtbyggjeri til høgre. Biletet er teke 1942-1943. """@no ; fark:hasOwnerWithName "Ruth Hustavenes." ; fark:hasHeight "2008" ; fark:hasWidth "3163"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6898/sfff-100057167832.jpg" ; fark:hasWeight 6 ; fark:hasText "Bryllaupet til Lars Norevik og Bertina (Tina), fødd Hustavenes."@no ; fark:hasOwnerWithName " Ruth Hustavenes." ; fark:hasPhotographerWithName "Ukjend." ; fark:hasDateAsText "1917." ; fark:hasHeight "507" ; fark:hasWidth "792"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/6899/sfff-100057167833.jpg" ; fark:hasWeight 7 ; fark:hasText """Grava til Lars Norevik på kyrkjegarden i Ortnevik. """@no ; fark:hasOwnerWithName "Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane." ; fark:hasPhotographerWithName "Hermund Kleppa." ; fark:hasDateAsText "2006." ; fark:hasHeight "783" ; fark:hasWidth "846"].