@base . @prefix rdf: . @prefix rdfs: . @prefix xsd: . @prefix foaf: . @prefix dc: . @prefix mu: . @prefix fark: . dc:title "Myklandsstøylen"@no; mu:description """ Stølen ligg i Myklandsdalen ca. 380 m o.h. Den er for brukarane på Mykland, gard nr.119, Rygg, gard nr.120, Kandal indre, gard nr.121 og Kandal midtre, gard nr. 122. Det er ein god beitedal for småfe, men, som biletet viser, svært rasutsett frå begge sidene. Derfor måtte stølen leggast på det sikraste området, og det var så å seia i elva. Kring 1940 vart her gjort eit stort elveforbyggingsarbeid for å sikre stølen. I dag er Myklandsstøylen ein travel og moderne geitestøl i full bruk. Dei har delvis gått saman i fellesfjøs for å dele på arbeidet. """@no; mu:source "https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/59fc0406-c86d-406c-91ec-aedffc949072/"@no; mu:term_raw_text """
Tilkomst

Ein viktig grunn til at stølen er i full bruk er at dei fekk opparbeidd veg kring 1940. Dermed kunne dei køyre mjølka heim og til meieri. No vert mjølka henta av tankbil. Men vegen, på same måten som stølen, er utsett for flaum og snøskred. Om våren må dei ofte gjere store reparasjonsarbeid. Bygdefolk og turistar tek seg ofte tur til stølen. Den 3 km lange bilvegen er bomveg.

Bruk av stølen

Denne delen av bygda, som no har spesialisert seg på geit og sau, har tidlegare også hatt mykje storfe. Magni Nygard opplyser at dei har hatt ca 300 geit og 40-50 kyr i tillegg til kalv på stølen. Dei tok og inn geiter frå forsøksstasjonane, som fekk gå på beite her om sommaren. Desse geitene vart kalla stasjonsgeiter.

Ho fortel at kveldane var korte, men litt handarbeid fekk dei då tid til sjølv om dei måtte tidleg til sengs. Opp måtte dei i fire-halvfem tida om morgonen. I helgane låg dei på stølen og mange kom på besøk. Ei helg i året kom alle ungdomane frå bygda og då vart det dans på vollen. Det hende seg at budeiene gjekk over fjellet til Helgheimkyrkja. Turen tok tre timar kvar veg - sprek ungdom! Dei reiste til støls 21. juli og heim att den 25. august.

Bygdaboka seier: "Spør vi så om støl og stølsdrift, er mangt særskildt her i høve til bygda elles. Motsett mest alle stølar i Breim, er denne stølen framleis i full drift, med moderniserte hus og utstyr. Stølen var den første i Breim som fekk bilveg heilt inn, unnateke stølane i Våtedalen. Stølsanlegget tel svært mange hus (sjå bileta). Kandalgrenda har i det heile vore pionerar og synt uvanleg framsyn ved å utnytte naturressursane i fjellbeita, og ikkje minst med tanke på meieri alt frå 1895 og kvalifisert opplæring i foredling. På den store Myklandsstøylen har tre brukarar i grenda slege seg saman om fellesfjøs med plass til 200 geiter. Dette er rekna som ein av dei mest moderne geitefjøsane i landet. Her går mjølka direkte på mjølketank."

Fleire stølar har vore på "flyttefot" før den noverande stølen vart einaste stølen for dei fire gardane. På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett), er innlagt ei stølsliste frå 1930 åra. Her finn vi:
'Gamle Ryggjastølen', som låg 1 km nedanfor noverande støl før den vart teken av ei vassdemme og måtte flytte.
Myklandstølen "opmed Blomskredvatna" ligg ca. 780 m o.h. og var brukt som vårstøl for Mykland endå så høgt han låg. Nedlagt i siste halvpart av 1800-talet. Der ligg tufter etter fleire fjøs og sel. Eit sel er sett i stand og ei gjetarhytte flytta opp med helikopter.
'Gamle Kandalstølen' er truleg den same som Geitemyrstøylen og ligg i ei høgd på ca 700 m o.h. Den høyrde til Kandal midtre. Nedlagd for lenge, lenge sidan. Det heiter seg at retten til å hamne krøtera i Myklandsdalen fekk dei i faddergåve.

Nokre fakta

Mykland, gard nr. 119, hadde 2 bruk i 1890. Rygg, gard nr. 120, hadde dette året 3 bruk. Kandal indre, gard nr. 121, hadde 3 bruk i 1890, medan Kandal midtre, gard nr. 122, hadde 2 bruk same året.
"""@no; a foaf:Document; fark:Wgs84Epsg32633Latitude "6863939"; fark:Wgs84Epsg32633Longitude "43559"; fark:Wgs84Epsg4326Latitude "61.6357922489974"; fark:Wgs84Epsg4326Longitude "6.37016722576541"; fark:describes fark:MountainFarm; fark:hasAuthor "https://resource.fylkesarkivet.no/person/e86d5621-2dd3-4815-970f-8e0293973f1a#"; fark:hasPhoto [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/8061/sfff-100057110954.jpg" ; fark:hasWeight 1 ; fark:hasText "Fellesfjøs på Myklandstølen."@no ; fark:hasOwnerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasPhotographerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasDateAsText "1997." ; fark:hasHeight "2003" ; fark:hasWidth "3000"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/8062/sfff-100057110953.jpg" ; fark:hasWeight 2 ; fark:hasText "Myklandstølen er framleis i bruk."@no ; fark:hasOwnerWithName "Bygdeboknemnda i Gloppen." ; fark:hasPhotographerWithName "Lyslo Foto." ; fark:hasDateAsText "Ca. 1969." ; fark:hasHeight "2316" ; fark:hasWidth "3000"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/8063/sfff-100057110952.jpg" ; fark:hasWeight 3 ; fark:hasText "Myklandstølen sett ovanfrå."@no ; fark:hasOwnerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasPhotographerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasDateAsText "1999." ; fark:hasHeight "3031" ; fark:hasWidth "2000"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/8064/sfff-100057110955.jpg" ; fark:hasWeight 4 ; fark:hasText "'Myklandstølen' ved Blomskredvatnet."@no ; fark:hasOwnerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasPhotographerWithName "Torgny Ueland." ; fark:hasDateAsText "1999." ; fark:hasHeight "1993" ; fark:hasWidth "3000"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/8065/stol1445116005.jpg" ; fark:hasWeight 5 ; fark:hasText """1: Fjøs, Mykland, bnr 1
2: Fjøs, Mykland, bnr 2
3: Sel, Mykland, bnr 1 og 2
4: Fjøs, Mykland, bnr 3
5: Sel, Mykland, bnr 3
6: Sel, Rygg, bnr 3
7: Fjøs, Rygg, bnr 3
8: Sel, Rygg, bnr 4
9: Fjøs, Rygg, bnr 3 og 4
10: Sel, Rygg, bnr 2
11: Fjøs, Mykland, bnr 2
12: Sel, Kandal indre, bnr 1
13: Fjøs, Kandal indre, bnr 1
14: Sel, Kandal indre, bnr 2
15: Fjøs, Kandal indre, bnr 2
16: Sel, Kandal midtre, bnr 1
17: Fjøs, Kandal midtre, bnr 1
18: Sel, Kandal midtre, bnr 2
19: Fjøs, Kandal midtre, bnr 2
20: Sel, Rygg, bnr 1
21: Fjøs, Rygg, bnr 1
22: Sel, Kandal indre, bnr 3
23: Fjøs, Kandal indre, bnr 3"""@no ; fark:hasHeight "312" ; fark:hasWidth "283"].