@base . @prefix rdf: . @prefix rdfs: . @prefix xsd: . @prefix foaf: . @prefix dc: . @prefix mu: . @prefix fark: . dc:title "Holmesstøylen"@no; mu:description """ Holmesstøylen (sommarstøl) ligg flogbratt over Holme og Hyefjorden i ei høgd på ca. 620 m o.h. Stølen høyrer til brukarane på Holme, gnr. 16. Her er to sel med 5 gardsbruk som eigarar for kvart sel. Dei 5 bruka hadde kvar si hylle i innselet til å setje mjølka til syrning. På same måten hadde dei kvar sin plass i utselet til ambarar. To stølsjenter var på stølen i kvart sel samstundes. Bruka byttest om å halde budeie etter kor mange dyr dei hadde. """@no; mu:source "https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/e230f236-c678-43c0-992d-424b5d890754/"@no; mu:term_raw_text """
Tilkomst

Stølsråsa var bratt, tung og farleg med bratte sva. Brita T. Holme, fødd i 1905, seier det soleis:

"Stølsreis var det i midten av juli. Ein laut rette seg noko etter sjøen, for dei kyrne som var på gardstølane (i stranda utanfor heimemarka) laut drivast nedanfor Reinene og Svadet, og då kunne det ikkje vere høg sjø. Strandakyrne (bruka lenger inne) laut stå inne til dei andre var komne so langt at dei ikkje kom saman før på Selbøen(stølen). Det var alltid styrkeprøve når dei trefftest og det ville vere vanskeleg i Kleivane.
Her oppe i Skitnestegen og Anderskleiva trengdest god hjelp, so mindre enn to frå kvar huslyd var det ikkje snakk om. Det måtte ikkje stå noke i råsa og møte for dei som kom etter. Dei som skulle stå på post måtte vere so mykje føre kyrne at dei hadde fått av seg børane, som sikkert var sengehalm, ein kvetel eller åklæ og eit knippe med bjørkevidja som skulle brukast til kyrabånd. Jagarane måtte passe på at kvar buskap var saman inn kleivane."

Bruk av stølen

I fjellet var gode beitevidder innover i Holmedalen i høve til heimemarka. Derfor var stølen svært viktig. Men vegen var bratt og tung og bygge-materialet måtte utnyttast maksimalt. Fjøsa vart oppført i stein og murane står no att som monument over godt arbeid.

Brita T. Holme fortel vidare at dei som skulle vere tula(gjætarar) måtte vaske selgolvet før dei gjekk med nisteprinsa på ryggen med skive, spekeflesk og flatbrød og ei øskje med rømeskjør. Fagredalen og Lia var no finaste gjætsla. Kyragjølet, Slettebakken, Møyalia og Liafjellet var godversgjætsle, men mykje påpass. Bjørkhamaren og Kjønhamarskaret var styggeversgjætsle.

"Vi såg fram til støylsgjestebodet. Det var festleg. Støylsjentene vaska og stellte. Dei var fri gjætsla den dagen. Rømegrauten var ferdig når gjestene kom, og godt smakte det både med graut og rømask. Etterpå barst gjerne dei sprekaste ned på danseflata, andre tok tur til Støylssteinen eller inn på Hammaren til ei kosøkt der. Før gjestene tok på heimveg var dei til bords og fekk rømask og resten av rømegrauten. Ein koseleg dag var over. Heimferdsdagen var på jamnen laurdag. Då skulle det lagast mølkost av den mjølka som ikkje fekk tid til å bli rømask. Sundagsmorgonen heime vart det mjølkost til frukost. Siste heimferdsdagen var 28. august 1965. "

Nokre fakta

Holme, gard nr. 16, hadde 3 bruk i 1890. Det budde 43 personar på garden i 1865. I 1900 var talet auka til 58.
"""@no; a foaf:Document; fark:Wgs84Epsg32633Latitude "6878143"; fark:Wgs84Epsg32633Longitude "22734"; fark:Wgs84Epsg4326Latitude "61.7364868541788"; fark:Wgs84Epsg4326Longitude "5.94496607965738"; fark:describes fark:MountainFarm; fark:hasAuthor "https://resource.fylkesarkivet.no/person/e86d5621-2dd3-4815-970f-8e0293973f1a#"; fark:hasPhoto [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7766/sfff-100057110728.jpg" ; fark:hasWeight 1 ; fark:hasText "Holmestølen med med sel og fjøsmurar."@no ; fark:hasOwnerWithName "J. H.?" ; fark:hasPhotographerWithName "J. H.?." ; fark:hasDateAsText "?." ; fark:hasHeight "1639" ; fark:hasWidth "2500"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7767/sfff-100057110729.jpg" ; fark:hasWeight 2 ; fark:hasText "Støl og ville fjell."@no ; fark:hasOwnerWithName "J. H.?" ; fark:hasPhotographerWithName "J. H.?." ; fark:hasDateAsText "1970." ; fark:hasHeight "3025" ; fark:hasWidth "2000"], [fark:hasFilePath "https://leksikon.fylkesarkivet.no/mediaFiles/7768/stol1445019003.jpg" ; fark:hasWeight 3 ; fark:hasText """Utitunet(gnr-bnr)
1: (16-1), (16-2), (16-12), (16-14), og (16-15).
Innitunet 2: (16-3), (16-5), (16-7), (16-10), og (16-13).
Steinmurar etter 7 fjøs."""@no ; fark:hasHeight "312" ; fark:hasWidth "283"].